Aktivitet 9.1.2 – Salmalaks

Problemløysing

Lakseprodusenten Salma held til på Bømlo i Hordaland. Salmalaksen er kjend for den gode kvaliteten og blir seld i matvarebutikkar over heile Noreg og i ei rekkje andre land.

Gå inn på nettsida til Salma, les det som står der, spel av dei to filmane som ligg på sida («Om oss»), og svar på spørsmåla nedanfor:

  1. Lag ein forretningsidé for Salma.
  2. Kva vil du seie er det viktigaste konkurransemiddelet til Salma?
  3. Salma seier dette på heimesida si: «Det er i all hovedsak mennesker som foredler Salma, ikke maskiner. En maskin kan ikke erstatte menneskers finfølelse og sanser i utviklingen av kvalitetsprodukter. Fabrikken vår har et unikt arbeidsfellesskap, og våre ansatte er blitt eksperter i sin bransje. Dette er essensielt for å sikre at kun den beste laksen blir til Salma.» Kva for eit konkurransemiddel er det Selma snakkar om her?
  4. Gjer greie for prosessen frå rogn til ferdigpakka Salma.
  5. I filmen tek dei også opp spørsmålet om verdikjeda. Kva seier dei om henne?