Aktivitet 4.3.5 – Samtykke

Diskusjon

Personopplysningslova § 8 handlar mellom anna om samtykke til å hente personopplysningar.

Diskuter to og to om ein arbeidstakar kan nekte ein arbeidsgivar å skaffe seg opplysningar om til dømes personnummer eller kvar vedkommande bur, ved ikkje å gi samtykke til det? Noter kva for tilfelle som krev innhenting av slike personopplysningar.

Tips:
Studer § 8, som viser til tilfelle der samtykke er nødvendig eller påkravd.