Aktivitet 10.1.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva meiner vi med ein velferdsstat? Ein velferdsstat er ei sosial ordning basert på omfordeling av skattar og avgifter som gjer sitt til å tryggje det økonomiske og sosiale livet til innbyggjarane. Døme er offentlege skolar og sjukehus, arbeidsløysetrygd og alderspensjon.
  2. Kva vil det seie å vere i beredskap? Å vere i beredskap betyr å vere klar til å reagere på ein trussel og handtere han etter førehandsbestemde rutinar om trusselen skulle bli verkeleg.
  3. Kva meiner vi med sikkerheitsaktørar? Sikkerheitsaktørar kan vere både private og offentlege organisasjonar som er i beredskap og klare til innsats på kort varsel om uønskte hendingar skulle ramme samfunnsverdiane.
  4. Kva er FylkesROS? FylkesROS er risiko- og sårbarheitsanalysane til fylka for uønskte hendingar og truslar som kan ramme infrastruktur og innbyggjarane i fylket eller regionen.
  5. Kva meiner vi med kommunal beredskapsplikt? Kommunal beredskapsplikt inneber at kommunen skal ha utarbeidd krise- og beredskapsplanar for sikring av samfunnsverdiane og kan setje desse i verk ved behov. For at dette skal fungere, er dei heilt avhengig av sikkerheitsaktørane.
  6. Kva består nødetatane av? Nødetatane består av politiet, brannvesenet og helsevesenet. Dei er som Forsvaret operative, offentlege sikkerheitsaktørar.