Aktivitet 4.3.8 – Moral 1

Diskusjon

Nokre arbeidstakarar oppfattar at det å ta litt frå ein arbeidsgivar, er ok, mens andre aldri vil finne på å stele. Av og til kan det utviklast ein dårleg kultur på ein arbeidsplass der det liksom har vorte lovleg eller akseptert sosial åtferd å «ta med noko heim».

  1. Diskuter to og to kva de meiner om ein slik moral.
  2. Kva meiner de ein arbeidsgivar bør gjere for å få bukt på ein slik praksis?