1 Kva inneber selskapsforma?
Selskapsforma set retningslinjer for korleis ei verksemd er organisert, og har noko å seie for ansvaret, risikoen, skatten, rettane og pliktene selskapet har.
Kva for selskapsformer bør du kjenne til?
UB Ungdomsbedrift, ENK Enkeltpersonføretak, ANS/DA Ansvarleg selskap, AS Aksjeselskap
Kva er Brønnøysundregistera?
Det er ei samling av opplysningar om alle verksemder som finst i Noreg.
Kor mange register er samla der?
Det er totalt 16 register.
Kva for to register bør du kjenne til?
Føretaksregisteret og Einingsregisteret
Kva er skilnaden på dei to registera?
Einingsregisteret er eit register som inneheld alle norske føretak, både private og offentlege. Ved registreringa får du eit organisasjonsnummer.
Føretaksregisteret er knytt til Einingsregisteret, men inneheld meir informasjon om verksemdene, mellom anna kven som har ansvar i verksemdene.
Kva er ein selskapsavtale?
Ein selskapsavtale er ein kontrakt som alle deleigarane må signere.
Kva er vedtekter, og kva skal stå i vedtektene for eit aksjeselskap?
Vedtekter er det same som reglar eller føresegner. I vedtektene for eit aksjeselskap skal det mellom anna stå det offisielle namnet på selskapet, kva selskapet skal drive med, kor stor aksjekapitalen er, og kor mange styremedlemmer det er i alt.
Kva andre selskapsformer kjenner du til enn dei du nemnde under spørsmål 2?
Andre selskapsformer kan vere: samvirkeføretak, stiftelse, foreining, allmennaksjeselskap, norskregistrert utanlandsk føretak og holdingselskap.
Kva kan vere lurt å kjenne til dersom du skal drive ei verksemd i eit EU-land?
Skal du drive ei verksemd i eitt eller fleire EU-land, kan det vere lurt å kjenne til nettstaden Your Europe (Ditt Europa) som gir deg viktig informasjon.
Kva er eit organisasjonsnummer?
Organisasjonsnummeret har ni siffer. Det er unikt for bedrifta, som eit personnummer er det for oss. Eit organisasjonsnummer ser slik ut: Org.nr. 987 654 321