Aktivitet 10.2.2 – H&M og miljøbløffen

Diskusjon

Klesgiganten H&M skryter av at dei satsar på miljøvennleg klesproduksjon, og seier at dei har som mål å bli giftfrie innan 2020. Men framleis bruker dei giftige kjemikal i klesproduksjonen.

«TV 2 hjelper deg» fann ein grøn merkelapp på ei barneregnbukse som ein veit inneheld giftige stoff. «Just like nature» og «BIONIC FINISH ECO» står det med store bokstavar.

Det er veldig lett å sjå dette store grøne merket og tru at heile buksa er miljøvennleg. Men dersom du trur det, da blir du lurt. H&M reknar nok ikkje med at folk les det som står med lita skrift på lappen, der bedrifta opplyser at det berre er impregneringa som er miljøvennleg. Merkinga er derfor sterkt misvisande. Dette er ikkje ei miljøvennleg bukse, trass i den grøne lappen.

«TV 2 hjelper deg» har spurt folk på gata korleis dei oppfattar det grøne merket. Av 104 som fekk studere merket, meinte 90 % at merket fortalde at barnebuksa var miljøvennleg (Kjelde: Tv2.no).

Mange hevdar at krava samfunnet set til helse, miljø og sikkerheit, ikkje berre påverkar korleis det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet er på sjølve arbeidsplassen (til dømes i butikken), men at det også påverkar kva slags produkt bedrifta vel å selje, og korleis bedrifta kommuniserer tilboda sine.

  1. Diskuter og kom fram til krava vi som kundar bør kunne stille til bedrifter og produkt, ut frå kor merksame vi i dag er på helse, miljø og sikkerheit.