Aktivitet 2.2.7 – Handlingsplan

Problemløysing

Pål Gjertsen er butikksjef i ein liten daglegvarebutikk. Han og medarbeidarane Hanne, Henrik, Silje og Thomas er nesten ferdige med marknadsplanen for det kommande året. No står det berre att å lage ein handlingsplan.

No skal du lage ein handlingsplan for daglegvarehandelen der du legg inn ulike kampanjar i samband med høgtidsdagar, merkedagar og sesongar (til dømes 17. mai og sommaren). Ta utgangspunkt i handlingsplanen til Supertech AS.