Aktivitet 4.3.9 – Prissettingsmetoder

Fleirval

Når vi skal setje «rett pris» på eit produkt, bruker vi som regel ein kombinasjon av marknadsbasert, konkurransebasert og kostnadsbasert prissetjing. Likevel er det ofte slik at éin av metodane er «viktigare» eller meir tydelege enn dei to andre.

Kva for prissetjingsmetodar meiner du vil vere mest framme når du skal setje «rett pris» på desse produkta/tenestene?

1. Ei skjorte frå Lacoste?

2. 10-litersspann med beis?

3. Hårklipp hos frisøren?

4. Eit tidsskrift?

5. Ei teneste frå eit rekneskapsbyrå?

6. Ein Bergans ryggsekk til bruk på toppturar?

7. Ein skolebolle?

8. Ein flybillett med SAS?