Fordjuping
Ei bedrift har hatt dette salet med mva. i andre kvartal 2018:
- april 800 000
- mai 820 000
- juni 850 000
Salet med mva. i februar og mars var på kr 810 000 og kr 840 000.
- Set opp salsbudsjett for alle månadene. 40 % av salet er kontantsal, resten er kredittsal per 15 dagar.
- Set opp innbetalingsbudsjett for kundar for andre kvartal. Bedrifta opererer med 40 % avanse. Dei reknar med at lageret blir redusert med kr 5 000 i kvar av månadene.
- Set opp varekjøpsbudsjettet for alle månadene.