Gruppeoppgåve
Mange stader i Europa opplever befolkninga at innvandrarar ikkje er godt integrerte i samfunnet; dei lever i det vi kallar parallellsamfunn. Mange i slike samfunn er arbeidsledige og bur i såkalla gettoar. Denne situasjonen kan skape sikkerheitsmessige utfordringar for samfunnet.
- Undersøk nærmare kva omgrepa gettoar og parallellsamfunn inneber.
Mange innvandrarar har god utdanning og kan bidra på mange måtar i det norske samfunnet. Vi veit også at vi treng fleire og fleire i arbeid for å halde på nivået i velferdsstaten vår i tida framover.
- Diskuter i mindre grupper kva tiltak de synest er gode for å få flyktningar og innvandrarar integrerte på ein god måte i det norske samfunnet, slik at dei kan bli positive bidragsytarar for det norske samfunnet framfor å bli ei belastning.