Aktivitet 1.1.8 – Markedsføringsbegrepet

Diskusjon

Julie og Hadja diskuterer kva som blir rekna som marknadsføring. Julie seier:

«Eigentleg driv alle med marknadsføring på éin eller annan måte. Både butikkar, organisasjonar og offentlege kontor og institusjonar marknadsfører varene og tenestene dei tilbyr, sjølv om ikkje alle kallar det marknadsføring.» Hadja svarer: «Eg er samd i at butikkar driv med marknadsføring, men det er ikkje rett å seie at organisasjonar, til dømes Skiforeningen, driv med marknadsføring. Og det er heller ikkje rett å seie at eit offentleg kontor, til dømes ein vidaregåande skole, driv marknadsføring.»

Kven vil du gi rett – Julie eller Hadja? Grunngi svaret.