Aktivitet 3.2.1 – Vurdering av sikkerhetstiltak i et privathjem

Problemløysing

Du skal plassere sikkerheitsløysingar for ein einebustad på 150 m2 (15x10 meter) på éin etasje med ei tomt på 500 m2 (25x20 meter).

Tips:
Dersom du bruker eit ark, kan det vere lurt å teikne på eit liggjande A3-ark. Lag først skisser, og bruk litt tid på å gjere oversiktskartet grundig og fint. Når oversiktskartet er ferdig, skal det skannast og/eller kopierast. Ta vare på originalen, denne kan du bruke seinare eller dersom du kanskje ønskjer å endre på noko.

  1. Teikn først eit situasjonskart i målestokk 1 : 100 (1 cm på teikninga svarer til 1 meter i verkelegheita). Teikn inn grensene, og plasser huset på tomta. Teikn inn vegar, parkering, hage osv. på tomta. Teikn også inn områda utanfor tomta, og forklar kva slags område dette er, til dømes nabotomt, fellesareal, vegar osv.
  2. På ein kopi av situasjonskartet skal du markere periferi, areal og skal. Teikn vidare inn romma i huset, og marker vindauge og dører (hovuddør, terrassedør og innvendige dører).
  3. Plasser nødvendige sikkerheitsløysingar på eigedommen og huset, slik at det blir trygt for familien som bur der.

Tips:
Bruk bokstavkodar for sikkerheitsløysingane, til dømes vd for vassdetektor, rs for rørslesensor osv. Hugs å leggje inn ein liten tabell i arket der kodane er forklarte.