Aktivitet 3.1.6 – Behovstilfredsstillelse

Problemløysing

Sal inneber mellom anna å vekkje til live og bevisstgjere behov som ein potensiell kjøpar har.

  1. Du er kundebehandlar hos ein bilforhandlar som sel Mercedes, og det kjem inn ein mogleg kjøpar som ber deg fortelje litt om den aller siste C-klassemodellen som er skildra som «eit høgintelligent kunststykke». Kva behov vil du spele på?
  2. Du er kundebehandlar hos ein Nissan-forhandlar og skal selje elbilen Leaf. Kva behov vil du spele på no?