Aktivitet 2.1.8 – Markedsundersøkelse

Fordjuping

I oppgåve 1.1.13 skulle du gjere ei lita marknadsundersøking som gjekk ut på å spørje intervjuobjekta om å definere omgrepet marknadsføring. No skal du gjere ei litt større marknadsundersøking. Det gjeld kva folk meiner om konkurrentane SAS og Norwegian.

Lag eit spørjeskjema med spørsmåla nedanfor. (Du kan eventuelt finne andre tema å spørje om, eller lage andre spørsmål enn dei vi har føreslått her.)

  1. Kor mange gonger reiser du med fly i løpet av eitt år?
  2. Kva flyselskap reiser du med?
  3. Kvifor reiste du med nettopp dette selskapet?
  4. Har du nokon gong reist med begge dei to selskapa?
  5. Meiner du det er nokon skilnad på SAS og Norwegian?
  6. Dersom ja, kva er skilnaden?
  7. Kva er alderen din?

Still desse spørsmåla til tilfeldige menneske du møter på gata, eller til nokre du kjenner (men det bør helst vere ein del personar, slik at det er mogleg å trekkje nokre konklusjonar ut av undersøkinga). Noter om det er kvinne eller mann som svarer.

Når du har samla svara, kan du prøve å trekkje ein konklusjon ut frå informasjonen du har fått. Finn også ut om det er skilnader i svara alt etter om den som vart intervjua, var ung eller eldre, kvinne eller mann.