Problemløysing
Maria Blom har avtalt med snikkar Svein Syverud at han skal montere nytt kjøkken i leilegheita som ho nettopp har pussa opp. Maria har laga teikningar som Syverud følgjer nøyaktig. Da snikkaren er ferdig, oppdagar Maria at det ikkje er mogleg å opne to av skapdørene skikkeleg, slik at det blir tungvint å setje inn ting. Dessutan er krydderhylla altfor låg, slik at det ikkje er plass til å setje inn flasker med olivenolje, balsamico og anna som ho bruker i matlaginga.
Er dette manglar ut frå lova?