Aktivitet 4.2.3 – Syn på service

Diskusjon

Det er ulike meiningar om kor viktig service er. Kven av desse personane er du mest samd med? Grunngi svaret.

Kristoffer: Eg er ikkje så oppteken av service. Det er prisen som tel. Er prisen låg nok, er alt det andre uvesentleg for meg. Eg er ikkje dummare enn at eg skjøner at seljarar gir ekstra service berre fordi dei skal få meg til å kjøpe meir.

Men slike triks lèt eg meg ikkje lure av.

Emilie: Det er klart at service er viktig. Når eg til dømes er hos frisøren, vil eg jo gjerne bli behandla som ein viktig kunde og av ein frisør som gjer sitt ytste for at eg skal bli fornøgd. Det at nokre gir god service, gjer litt meir enn det dei strengt sett må, gir meg ei god kjensle, og eg fortel det til alle eg kjenner.

Jonas: Service er eit ord reklamefolka har funne på. Det er ikkje anna enn vanleg skikk og bruk i all handelsverksemd, noko som har vore vanleg til alle tider. I dag har dette vorte eit moteord som salsfolka bruker i tide og utide.

Men når det kjem til stykket, er det ikkje meir service i dag enn for 50 år sidan eller lenger attende for den del.

Julie: Eg opplever at kundebehandlarar, uansett kvar dei jobbar, er svært opptekne av å gjere kundane fornøgde. Sjølv på offentlege kontor, der dei ikkje lever av å selje varer eller tenester, møter eg stort sett ei god serviceinnstilling.

I mange bransjar trur eg det er slik at god service er avgjerande for om kundane blir verande eller går til konkurrentane. Det har vorte slik fordi konkurransen er så hard, og fordi det er ein trend i tida å vise god service.