Aktivitet 4.2.7 – Merverdiavgift

Repetisjon

SKJORTEHUSET importerer klede. Dei kjøper mellom anna inn eit parti på 200 bomullsskjorter frå Pakistan. Innkjøpsverdien ifølgje fakturaen er kr 16 500. I tillegg kjem frakt og transportforsikring med kr 2 100 og toll med kr 1 600.

  1. Rekn ut inntakskost for heile varepartiet og per skjorte. Forretninga bruker 50 % tillegg for indirekte kostnader og 20 % tillegg for forteneste.
  2. Kalkuler sjølvkost og salspris for éi skjorte.
  3. Kva blir salsprisen medrekna 25 % meirverdiavgift?
  4. Kva for ein pris vil du rå til for skjorta? Argumenter for valet ditt.