Diskusjon
Bruk internett til å finne minst tre ulike prissamanlikningstenester. Du kan velje eigne favorittar eller til dømes kelkoo.no, prisguide.no og prisjakt.no.
- Gi ei kort forklaring om skilnader og likskapar mellom dei ulike prissamanlikningstenestene du har valt.
- Forklar kvifor desse prissamanlikningstenestene kan få kjøpsprosessen til å gå raskare for folk flest.
- Er det viktig for bedriftene å ha produkta sine med på slike prissamanlikningstenester? Finn både fordelar og ulemper.