Aktivitet 8.3.4 – Markedskommunikasjon og internettbutikker

Gruppeoppgåve

I læreboka står det om tre kategoriar som gjeld marknadskommunikasjon og internettbutikkar. Tenk dykk at de jobbar for nettbutikken til Supertech. (Les meir om Supertech på side 69 i læreboka.)

De skal lage ein presentasjon som føreslår dette:

  1. Korleis Supertech skal få (fleire) som besøkjer heimesida.
  2. Føreslå eitt eller fleire tiltak som gjer at dei som er innom heimesida, blir kundar, dvs. at dei kjøper noko.
  3. Føreslå eitt eller fleire tiltak som gjer at kundane skaffar firmaet nye kundar.

Ver kreative, bruk eigne føresetnader der det er nødvendig, og grunngi forslaga dykkar.