Aktivitet 5.3.5 – Likviditetsbudsjett for Drikkeflasken UB

Problemløysing

Ungdomsbedrifta Drikkeflaska UB har ikkje heilt oversikt over innbetalingar og utbetalingar. Dei ønskjer derfor å setje opp eit likviditetsbudsjett.

Dei etablerte ungdomsbedrifta i oktober og vil lage eit likviditetsbudsjett for oktober, november, desember, januar, februar og mars. I slutten av mars vil dei vurdere om dei skal halde fram eller leggje ned bedrifta.

Dei har selt partar for kr 1 000, som dei set i banken i november. Dei får sponsormidlar frå mentor i desember på kr 1000. Dei bestiller flasker frå leverandør i november og må betale kontant kr 2 500. Det er éin månads leveringstid.

Dei vil marknadsføre ungdomsbedrifta og bestiller materiell frå ei profesjonell verksemd. Det kostar kr 1 500 og skal betalast i desember.

Registreringsavgifta på kr 200 må betalast i oktober, dei har utgifter til reiser og diverse i samband med messer og salsaktivitetar på rundt kr 500 kvar månad frå desember av. Dei planlegg å ha den første salsstanden sin i desember og reknar med å selje for kr 5 000. Elles blir salet forhåpentlegvis om lag kr 3 000 i januar og februar. Dei bestiller nye flasker i desember, som dei må betale kontant, kr 1 500. Dei reknar med å selje for kr 5 000 i mars på entreprenørskapsmessa.

  1. Set opp eit likviditetsbudsjett for ungdomsbedrifta Drikkeflaska UB.
  2. Kommenter budsjettet. Kva kan dei gjere dersom betalingsunderskotet blir så stort at dei ikkje lenger har pengar til å betale med?