Aktivitet 5.1.11 – Sikkerhet i sosiale medier

Fordjuping

Gå inn på nettvett.no og svar på spørsmåla:

  1. Kva for to måtar blir vanlegvis nytta til å publisere informasjon på internett (mellom anna profilar) for å gjere han synleg?
  2. Kva for fire «gode grunnar» blir nemnde til å gjere profilen din mindre synleg?
  3. Korleis kan du kan avgrense profilsynlegheita di på Facebook og Instagram?
  4. Korleis kan det du legg ut på internett i dag, få konsekvensar for deg seinare i livet?

Når du publiserer noko på nettet som til dømes bilete, tekst eller video, risikerer du at det blir verande tilgjengeleg på internett i all tid.

Spør deg sjølv før du publiserer noko på nett:

  • Kva vil eg tenkje om fem år om det eg publiserer i dag?
  • Kven kan sjå det eg publiserer?
  • Har eg høve til å slette det i ettertid?
  • Kva for gjenopprettingsmoglegheiter har eg dersom eg skulle miste tilgang til konto/profil?

Arbeidsgivarar googlar gjerne etter informasjon om kandidatar dei ønskjer å tilsetje. Ligg det noko ufordelaktig om deg på internett, vil det kanskje vere med på å skape eit inntrykk av deg som du kanskje ikkje ønskjer, eller som kanskje ikkje stemmer.

  • Kva trur du er meint med at «norsk lov gjeld også på internett»?
  • Kva legg nettstaden i «pass deg for falske og kompromitterte profilar»?
  • Artikkelen «Sikkerhet i sosiale medier» på Nettvett.no viser til eit døme på korleis ein blir lurt. Ville du ha vorte lurt av ei slik melding?