Aktivitet 2.2.4 – Kapitalbehov eksempelbedriftene

Problemløysing

No må de finne att det som de kom fram til i oppgåve 2.1.6. Finansieringsplan.

Diskuter kapitalbehovet til dei tre dømebedriftene. Spesifiser så godt de kan, og skriv ned dei kostnadene de trur kvar enkelt bedrift vil ha ved oppstart. Prøv om de kan finne ut korleis kapitalbehovet fordeler seg på anleggsmiddel og omløpsmiddel.

  • Diskuter med dei andre gruppene i klassen og gå for dei beste løysingane for kvar bedrift.
  • Hent fram malen du har laga for kapitalbehov. Registrer kapitalbehovet de har vorte samde om for dei tre dømebedriftene i tre ulike rekneark, og lagre.

Kapitalbehovet for dei tre bedriftene skal vere med på å avgjere finansieringa i neste oppgåve. Korleis skal dei skaffe pengar? Anleggsmiddel og omløpsmiddel bør ein også sjå i samanheng med kortsiktig og/eller langsiktig lån i bank.