Problemløysing
Ungdomsbedrifta Dropsen UB kjøper drops frå ein leverandør og pakkar dropsa i pene gåvepakker. Dei kjøper inn drops i store mengder og sel i små porsjonar. I tillegg til dropsa må dei også kjøpe esker, innpakningspapir og sløyfer til pynt. Dei sel dropspakka for kr 90 per stykk.
Bedrifta består av tre elevar. Dei har alle kjøpt to partar (andelar) kvar, og alle elevane selde tre partar kvar til familien sin. Kvar part kostar kr 100, og til saman har dei selt partar for kr 1 500. Dette blir ført som inngåande balanse på konto for kontantar og eigenkapital (eigenkapital/partar).
Ungdomsbedrifta vil ha desse kontoane i rekneskapen sin: kontantar, bankinnskot, eigenkapital (eigenkapital/partar), salsinntekter, varekjøp og driftskostnader.
I november månad kjem dei i gang med produksjon og sal. Dei har desse vedlegga:
Vedlegg nr. | Dato | Tekst | Beløp |
1 | 2.11. | Set kontantar inn i bank. | 1 500 |
2 | 2.11. | Kjøper drops frå leverandør, betaler i bank. | 1 200 |
3 | 3.11. | Kjøper esker og utstyr til gåvepakkene, betaler i bank. | 300 |
4 | 14.11. | Sel heimelaga kaker i matpausen på skolen, kontant. | 800 |
5 | 25.11. | Står på stand på kjøpesenteret og sel 30 dropsgåvepakker, kontantsal. | 2 970 |