Aktivitet 8.2.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Forklar omgrepet korrespondanse. Korrespondanse er all informasjon som blir send med post, manuelt eller elektronisk.
  2. Kva er inngåande post? Inngåande post er posten som kjem inn til verksemda.
  3. Kva er utgåande post? Utgåande post er posten som verksemda sender frå seg.
  4. Kvifor er det viktig å journalføre den inngåande posten? Det er fordi all post må registrerast i eit system. Da blir det synleg kva som har komme, når det er motteke, og det er tilgjengeleg for dei som skal jobbe vidare med saka.
  5. Kva er ein saksbehandlar? Saksbehandlar er den personen som skal jobbe vidare med oppdraga og sakene som kjem inn til verksemda.
  6. Kva er meint med standardiserte vindaugskonvoluttar? Det er konvoluttar som er laga slik at vindauget på konvolutten er tilpassa mottakarfeltet på brev som er sette opp etter NS 4129.
  7. Kva er fordelen med slike konvoluttar? Fordelen er at ein slepp å skrive namn og adresse på konvolutten.
  8. Korleis skal adresser skrivast utanpå konvoluttane dersom dei blir skrivne for hand? Dei skal skrivast på same måten som om dei var skrivne elektronisk. Det vil seie at namn, adresse og postnummer/poststad skal stå på linjer under kvarandre, og at poststaden skal skrivast med store bokstavar.
  9. Forklar omgrepet frankere. Å frankere vil seie å setje porto på post som skal sendast.
  10. Kva er ei digital postkasse? Digital postkasse er ei teneste på internett som kan ta imot og oppbevare post på ein sikker måte.
  11. Kva er fordelen med ei digital postkasse? Den digitale postkassa varetek sikkerheita, og du kan lese posten din både på PC, nettbrett og mobiltelefon.
  12. Korleis får du tilgang til digital postkasse? Du får tilgang til digital postkasse via tenesteleverandørane e-Boks eller Digipost (Posten).
  13. Kva er hensikta med eit saksbehandlings- og arkivsystem for utgåande elektronisk post? Hensikta er at alle kan sjå kva som har vorte gjort, når og av kven (kva for ein saksbehandlar).
  14. Kva er elektronisk signatur? Elektronisk signatur er ein type signering som er like juridisk bindande som signering for hand.
  15. Kva for ei lov seier noko om elektronisk signatur? E-signaturlova.
  16. Kva er hensikta med eit arkivsystem? Eit arkivsystem gir effektiv dokumentflyt, enklare arkivering og attfinning, enklare saksbehandling, betre oversikt og kontroll, og det er tids- og kostnadssparande.
  17. Kva for klassifiseringssystem kjenner du til? Nummersystem, personnummersystem, kronologisk system, alfabetsystem, desimalsystem.