Aktivitet 4.1.6 – Tiltaksplan HMS

Diskusjon

  1. Kvifor trur du at for HMS er det rett å setje i verk tiltak for risikonivå på både gult (middels) og raudt (høgt) nivå?
  2. I dømet frå læreboka under kartlegging av farar og problem og vurdering av risiko, er det ikkje kryssa av for «høg risiko» nokon stad. Diskuter to og to om de er samde i risikovurderingane som boka viser.
  3. Kva tilfelle eller døme ovanfor ville de eventuelt ha vurdert annleis?
  4. Finn døme frå stader eller arbeidsplassar der det kan tenkjast at det vil vere høg risiko for farar og problem knytte til:
    1. fysisk helse
    2. psykisk helse
    3. det ytre miljøet

(Finn eitt til to døme frå kvart område ovanfor.)