Fordjuping
TripAdvisor er den største reisenettsida i verda med rundt 650 millionar meldingar av reiser, hotell, restaurantar osv. globalt.
Ein kafé hadde berre fått to ringar av fem moglege på TripAdvisors rankingliste, noko som var veldig dårleg. Men det var berre 46 som hadde gitt kafeen melding på TripAdvisor, og desse meldingane var spreidde over fleire år.
Dagleg får kafeen besøk av tusen gjester som aldri gir noka tilbakemelding.
Så kor rettferdig vil du seie at dei 46 meldingane på TripAdvisor var?