Fordjuping
Reidun er 19 år. Ho bur for seg sjølv og har delt omsorg for ei dotter på eitt år. Ho har lite å rutte med og går alltid tom for pengar før neste lønning. Dottera er i barnehage, og Reidun har jobb på eit kontor. I desember var det mange utgifter, og ho vart tom for pengar lenge før månaden tok slutt. Ho håper at ein rekneskap kan hjelpe henne med å disponere pengane betre.
Bruk konto for bankinnskot, tilpass med kor mange rader det skal vere, og registrer desse vedlegga:
Vedlegg nr. | Dato | Tekst | Beløp |
---|---|---|---|
1 | 1.12. | julegåver til dottera | 600 |
2 | 2.12. | mat for ei veke | 2 500 |
3 | 10.12. | straum | 1 900 |
4 | 10.12. | mat for ei veke | 2 900 |
5 | 10.12. | husleige | 5 600 |
6 | 12.12. | lønn med halv skatt | 20 600 |
7 | 13.12. | nye klede til julebord | 1 400 |
8 | 14.12. | eigendel til julebord som jobben | 700 |
9 | 15.12. | barnehageavgift | 2 500 |
10 | 17.12. | julemat | 2 100 |
11 | 17.12. | stønad | 1 050 |
12 | 18.12. | mobilabonnement | 299 |
13 | 18.12. | busskort | 250 |
14 | 18.12. | dei siste julegåvene | 1 300 |
15 | 27.12. | mat | 540 |
16 | 29.12. | billett til nyttårsarrangement på hotellet | 700 |