Aktivitet 1.1.2 – Kahoot!-gründeren

Diskusjon

Oppgåva kan gjerast individuelt eller i gruppe. Jobbar elevane saman to og to, kan dei samstundes diskutere svara. I spørsmål 7 kan dei google Janteloven.

Søk opp artikkelen «Kahoot-gründerens ‘spektakulære flopp’» på DN.no. Les artikkelen om Kahoot!-gründeren og svar på spørsmåla nedanfor.

  1. Kor mange brukarar har Kahoot! i dag? 50 millionar brukarar over heile verda.
  2. Kva trur du han meiner med spektakulære floppar? Det betyr at noko er oppsiktsvekkjande, men som likevel blir ein fiasko etter kort tid.
  3. Kva er tipset han gir til dei som ønskjer å bli gründerar? Å ta seg ein jobb i eit gründerselskap der ein kan vere med på å utvikle andre sine idear.
  4. Kva unike fordelar skulle mobilselskapet Magcom ha? Dei skulle bruke operativsystem og nettløysingar som var langt føre dei nærmaste konkurrentane på den tida.
  5. Korleis skulle Magcom finansierast? Dei fekk med amerikanske investorar på laget.
  6. Kan du peike på noko som var grunnen til at det ikkje vart ein suksess? For høg utsalspris, store produksjonsproblem. Investorane var meir opptekne av å redusere tapa på kort sikt enn å tenkje langsiktig.
  7. Kva negative konsekvensar førte det til? Det vart spreidd mange løgner, og det vart ein del rettssaker.
  8. Kva handlar Janteloven om? Janteloven handlar om menneskeverd, at du ikkje må tru at du er betre enn alle andre.
  9. Kva lærte Brand av Magcom-nedturen? Han lærte mykje om investorar, kven som var gode og kven som ikkje var det.
  10. Kven er investorar i Kahoot! i dag? Gründerane sjølve, Kahoot!-tilsette, Forskingsrådet og profesjonelle investorar.
  11. Kva gjer han for å skaffe seg gode investorar, og kva vilkår set han? Han reiser rundt i Europa og i USA for å finne gode investorar. Han er berre interessert i folk som har dei same prinsippa som han sjølv. Investorane må ha ei rolle i selskapet.
  12. Kvifor vart ikkje spelselskapet han begynte i, ein suksess? Eigaren såg ikkje si eiga avgrensing. Ho burde ha selt verksemda til eit anna og større selskap.
  13. Kommunikasjonsselskapet han overtok, gjekk også konkurs. Kva var grunnen til fiaskoen? Dei hadde gjort seg altfor avhengige av éin kunde.
  14. Kvifor trur du Kahoot! har vorte ein suksess? Dei tok kontakt med ekspertise frå NTNU i Trondheim.
  15. Kvifor trur du han meiner at pengar ikkje bør vere motivasjonen når du skal starte di eiga bedrift? Dersom ein er ute etter å tene pengar, er det mange andre ting som er meir lønnsame enn å vere gründer.