Aktivitet 11.2.4 – Reklamasjon på skriver

Diskusjon

Andreas Bråten kjøpte ein kombinert skrivar, skannar og kopimaskin hos Storvik Elektro. Etter to og eit halvt år får han problem med dekselet til tonaren. Det kjem opp ei feilmelding på displayet, og Andreas får ikkje maskinen til å fungere.

Andreas tek maskinen med til Storvik Elektro og ber om at dei reparerer maskinen. Seljaren undersøkjer skrivaren og finn ut at det er ein sensor som må bytast ut, og at reparasjonen kostar 1 200 kroner. Andreas meiner at han ikkje kan vere forplikta til å betale reparasjonen på ein så ny skrivar, mens seljaren seier at dei dessverre ikkje kan gjere dette gratis.

Kven vil du gi rett? Vis til paragrafar i lova.