Aktivitet 6.4.4 – Regnskap for Beate

Fordjuping

Beate driv eit rekneskapskontor.

I rekneskapen bruker ho desse kontoane:

Konto Beløp
Balansekontoar:
Inventar 90 000
Kontantar 2 100
Bankinnskot 56 000
Eigenkapital 38 100
Gjeld (banklån) 110 000
Resultatkontoar:
Inntekter rekneskapsføring
Kontorrekvisita
Andre driftskostnader
Rentekostnader

I januar har Beate desse forretningstilfella:

Dato Tekst Beløp
2.1 Betaler mobil- og nettabonnement, betaler i bank 1 200
3.1 Kjøper papir og tonar til skrivar, betaler i bank 4 200
11.1 Tek imot inntekt for utført arbeid, bank 15 200
14.1 Betaler aviser og tidsskrift 1 400
20.1 Kjøper ny sitjegruppe til kontoret 35 000
25.1 Betaler avdrag gjeld 9 000
25.1 Betaler renter på gjeld 1 850
  1. Opprett kontoar, set på kontonummer, og før inn balansetala per 31.1.
  2. Registrer forretningstilfella, og avslutt rekneskapen for januar.
  3. Kva er resultatet av drifta i januar?