Aktivitet 1.2.4 – Søketrender

Problemløysing

Gå inn på Google Trends og søk på influensa. Du får opp ei kurve som har toppar på spesielle tidspunkt i løpet av eit år. Kurva fortel oss noko om når folk søkjer på stikkordet influensa. Ut frå det denne kurva fortel, kan ein da sjå når er det lurt å ha ein salskampanje for halstablettar? Du kan leggje inn fleire stikkord og samanlikne. Legg inn influensa og samanlikn med feber og hostemedisin. Kva fortel kurvene deg? For Google Trends bruker du denne nettadressa: google.com/trends