Aktivitet 4.4.6 – Restaurantanmeldelse

Fordjuping

Dra til ein restaurant og lag ei melding av han.

Tips: Legg inn passende bilder innledningsvis og pr. tema. Skriv en innledning, en hoveddel og en avslutning.

  1. Om restauranten.
  2. Presenter restauranten.
  3. Kva er han kjend for?
  4. Er heimesida innbydande og informativ?
  5. Søk i sosiale medium og sjå kva andre kundar seier om restauranten.
  6. Søk på Google Maps. Korleis er tilgjengelegheita til fots og med buss, bil og tog?
  7. Kommenter fasaden. (Er han innbydande, kan ein sjå inn gjennom vindauga, kva ser du?)
  8. Blir du møtt av ein hovmeister eller servitør ved inngangen?
  9. Ta eit bilete av fasaden.

Lokalet
Beskriv kundeopplevinga di av lokalet.

Er det innbydande, matchar lokalet heimesida, er det harmoni i interiør, stolar, bord og musikk, blir det spelt musikk, er det glade og fornøgde gjester? Stemning? Er det reint og ryddig? Gode opningstider? Var det varmt, passe eller kaldt i lokalet? Ta eit bilete av lokalet.

Velkomst
Blir du møtt av hovmeisteren eller ein som viser deg bordet? Kva er opningsreplikken til vedkommande? Kva har servitørane på seg? Har dei namneskilt? Verkar det som dei har gode system og rutinar, til dømes at det alltid er nokon til å ta seg av kundane? Kor mange servitørar er det der? Inntrykket du har av ventetid på bestilling, ventetid på rett, ventetid på betaling o.l.

Menyen
Korleis er menyen utforma? Ryddig miks? Språk? Ser du nokre favorittar, eller trur du kundane må vere vågale? Prisnivå på mat og drikke (billig, normalt, dyrt)? Kvalitet? Blir rettene skildra? Noko spennande som overraskar positivt?

Kva bestilte du? Sa servitøren noko da du bestilte? Ta eit bilete av menyen.