Aktivitet 9.2.4 – Logistikk

Omgrepstesting

  1. Forklar begrepet logistikk. Logistikk er handlingar som går ut på å koordinere og styre flyten av varer og menneske.
  2. Omgrepet logistikk bruker ein ikkje berre innanfor næringslivet, men også på andre område. Gi nokre døme på det. Tenk deg ein kvardag til ein familie som består av to vaksne og tre barn. Etter at dei står opp om morgonen, skal dei ein tur på badet, ete frukost og gjere seg klar til eventuelt barnehage, skole og jobb. Det krev mykje planlegging av foreldra, altså logistikkutfordringar. Det same skjer etter arbeidstid. Barna skal kanskje hentast i barnehagen, køyrast heim, det skal serverast middag, og kanskje skal barna køyrast til fritidsaktivitetar om ettermiddagen og hentast etterpå. Det blir enda meir logistikk for å få alt til å gå rundt. Dette er eitt døme, men det finst mange fleire. Tenk på logistikken som krevst for å arrangere eit større selskap, eit idrettsarrangement eller feiring av eit eller anna slag.
  3. Gjer greie for korleis logistikken din og logistikken til familien din er på ein alminneleg kvardag. Individuelle svar