Aktivitet 5.4.25 – Innbetalingsbudsjett, varekjøpsbudsjett, utbetalingsbudsbudsjett og likviditetsbudsjett

Fordjuping

AS Teppehuset budsjetterer med desse salstala utan mva. første kvartal 2018:

januar februar mars
Varesal 1 100 000 1 210 000 990 000

I november og desember 2017 var salet kr 1 100 000 og kr 1 150 000. 20 % av salet er kontant, mens resten er på kreditt per 30 dagar.

  1. Set opp eit innbetalingsbudsjett frå kundar for dei tre første månadene i 2018.
    Bedrifta kalkulerer med 30 % avanse. I tillegg reknar bedrifta med ein auke i behaldninga på kr 10 000 for kvar av månadene i 1. kvartal.
  2. Set opp eit varekjøpsbudsjett for dei tre første månadene i 2018.
    Leverandørane har innvilga bedrifta ei kredittid på 15 dagar.
    Set opp eit utbetalingsbudsjett til leverandørar for dei tre første månadene i 2018.

Andre utbetalingar i bedrifta er:

Lønn blir utbetalt med kr 300 000 i januar, kr 350 000 i februar og kr 340 000 i mars. Arbeidsgivaravgifta blir betalt i 15. januar med kr 80 000 og 15. mars med kr 91 700. Andre driftskostnader blir utbetalte med kr 20 000 kvar månad.

Likviditetsbehaldninga per 1.1.2018 er kr 10 000.

  1. Set opp likviditetsbudsjett for dei første tre månadene i 2018.