Aktivitet 5.4.26 – Innbetalingsbudsjett, varekjøpsbudsjett, utbetalingsbudsbudsjett og likviditetsbudsjett

Fordjuping

Hobbystølen budsjetterer med desse salstala utan mva. i første kvartal 2018:

januar februar mars
Varesal 800 000 820 000 840 000

I desember 2017 var salet kr 780 000. 40 % av salet er kontant, mens resten er på kreditt per 15 dagar.

Bedrifta reknar med ein avanseprosent på 25 %. I tillegg går dei ut frå at varebehaldninga kjem til å auke med kr 12 000 i januar og kr 8 000 i februar, mens det i mars vil vere ein nedgang på kr 10 000.

Leverandørane har innvilga bedrifta ei kredittid på 15 dagar. Varekjøpet i desember var kr 650 000

Andre utbetalingar i bedrifta er:

Lønn blir utbetalt med kr 110 000 i januar, kr 110 000 i februar og kr 105 000 i mars. Arbeidsgivaravgift blir betalt i januar og mars med kr 30 000 og kr 29 610.

Andre driftskostnader betaler dei med kr 10 000 kvar månad.

Likviditetsbehaldninga per 1.1.2018 utgjer kr 8 000.

Set opp likviditetsbudsjett for første kvartal 2018