Aktivitet 3.1.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Forklar omgrepet rekruttering. Rekruttering vil seie å skaffe nye medarbeidarar til ei verksemd.
  2. Kva er hensikta med all rekruttering? Hensikta med rekruttering er å finne kvalifisert arbeidskraft. Målet med all rekruttering er «rett person på rett plass». Utdanning, kompetanse og arbeidserfaring er viktige kriterium i ein rekrutteringsprosess.
  3. Kva er ein arbeidsmarknad? Arbeidsmarknad er den arbeidskrafta eit samfunn har tilgjengeleg. Det er betalt sysselsetjing.
  4. Kva vil det seie at ein arbeidsmarknad er metta? Det vil seie at det er folk tilsette i dei fleste jobbane, og at det kan vere vanskeleg å få jobb.
  5. Kva for seks hovudpunkt høyrer med til rekrutteringsprosessen?
    1. Gjennomgå stillingsbehovet
    2. Skaffe søkjarar
    3. Ta imot og sile ut søknader
    4. Kalle inn og intervjue utvalde søkjarar
    5. Kontrollere opplysningar
    6. Tilby stillinga
  6. Kva betyr det når ei verksemd skal «gjennomgå stillingsbehovet»? Dei må vurdere om verksemda treng ein ny medarbeidar, eller om omplassering er mogleg. Forhold som speler inn, er krav til kvalifikasjonar og personlege eigenskapar i den nye stillinga. Den økonomiske stillinga til verksemda speler også inn, om dei har råd til å tilsetje fleire medarbeidarar.
  7. Kvar vil du leite etter ledige stillingar? Aviser, elektroniske databasar som NAV, bemanningsbyrå og jobbmesser.
  8. Kva bør ein god stillingsannonse innehalde?
    1. Informasjon om verksemda og kvar ho held til
    2. Logoen til verksemda
    3. Tittel på den ledige stillinga
    4. Aktuelle arbeidsoppgåver
    5. Krav til søkjar om formell kompetanse og ønskte eigenskapar
    6. Noko om kva verksemda kan tilby av gode
    7. Kontaktperson i verksemda
    8. Kvar og korleis søknaden skal sendast
  9. Er det noko ein annonse ikkje bør innehalde? Skrivefeil, noko som diskriminerer enkelte frå å søkje, info som lovverket ikkje tillèt.
  10. Kvifor kan det vere lurt å bruke brevoppstilling etter NS 4129 når du skal skive ein søknad? Det gir eit godt og ryddig brevoppsett. Hensikta med å lære seg å bruke ein standard er mellom anna å forenkle og sikre ein lik praksis i utforming, skriving og arkivering av dokument.
  11. Kvifor er det viktig å skrive ein god jobbsøknad? Jobbsøknaden er førsteinntrykket arbeidsgivaren får av deg. Det er den som skal gi arbeidsgivaren lyst til å møte akkurat deg, og kalle deg inn til intervju.
  12. Kva bør ein god jobbsøknad innehalde? Søknaden bør appellere til arbeidsgivaren, ha eit godt oppsett, vere fri for skrivefeil og verke seriøs.