Aktivitet 3.1.12 – Kontroll av tiltak 2

Diskusjon

Tenk dykk eit tilfelle med ei hytte med innlagt vatn på fjellet som ikkje blir brukt om vinteren, og der det heller ikkje har vore slått på varme gjennom denne perioden. På hausten er det vanleg å ha ein rutine der alle vassrøyra blir stengde av, og røyr og vassbehaldarar, til dømes varmtvasstankar, blir tømde for vatn.

  1. Kva tenkjer de at ein slik kontroll i verste fall vil kunne avdekkje?
  2. Kva trur de ville skjedd dersom vassrøyra ikkje vart avstengde og tømde for vatn, og heller ikkje vart kontrollerte?

I oppgåve 3.1.13 til og med oppgåve 3.1.15 skal elevane øve på å bruke skjema i sikkerheitsprosjektering, og bruke dagsaktuelle datoar der skjema krev datering. Oppgåvene ligg nært opp til døma i læreboka.

Oppgåvene kan løysast individuelt eller i grupper, gjerne to og to saman.

Oppgåvene kan med fordel lagast som presentasjonar.