Aktivitet 6.4.15 – Føring av regnskap

Fordjuping

Ei bedrift oppgir denne balansen per 1.9:

BALANSE
Debet Kredit
Inventar 50 000 75 000 Eigenkapital
Kontantar 5 000
Bankinnskot 20 000
75 000 75 000

I tillegg har bedrifta desse kontoane i rekneskapen: 3100 Varesal, 4300 Varekjøp og 7090 Bilkostnader.

  1. Skriv inn inngåande balanse i rekneskapsoppsettet.
  2. Bedrifta oppgir desse vedlegga i september:

5.9. Kjøpt diesel til bil, giro. – kr 2 000

9.9. Overført pengar frå bankinnskot til kontantar. – kr 5 000

11.9. Kjøpt varer, vippsar betaling. – kr 3 000

15.9. Selt varer, motteke betaling i bank. – kr 1 000

16.9. Kjøpt oljefilter og tennpluggar, giro. – kr 1 500

20.9. Kjøpt varer, giro. – kr 1 700

29.9. Selt bil, motteke betaling i bank. – kr 10 000

30.9. Kontant varesal. – kr 1 500

Før vedlegga for september i rekneskapsoppsettet. Første ledige vedleggsnummer er 109.

  1. Avslutt kontoane til resultat og balanse.
  2. Har bedrifta hatt overskot eller underskot i september?