Lise har god oversikt over den personlege økonomien sin. Ho samlar vedlegg (kvitteringar og bankutskrifter) og har alltid orden på dei. Ho lagar også budsjett og planlegg inntektene og utgiftene sine så langt fram i tid som mogleg. No vil ho føre rekneskap for oktober månad. Bruk konto for bankinnskot og registrer desse vedlegga:
Vedlegg nr. | Dato | Tekst | Beløp |
---|---|---|---|
1 | 1.10. | ny ytterjakke | 1 250 |
2 | 3.10. | nye vintersko | 750 |
3 | 12.10. | lønn | 5 400 |
4 | 14.10. | flybillett for haustferien | 1 990 |
5 | 25.10. | samla utgifter på diverse i haustferien | 1 100 |
6 | 27.10. | stipend | 900 |
7 | 27.10. | mobilabonnement | 345 |
8 | 29.10. | medlemskontingent til treningssenter | 299 |