Aktivitet 9.3.6 – Nøsted Kjetting AS

Problemløysing

Nøstad Kjetting AS vart etablert i Mandal i 1939. Det vart starten på ei jamn og god utvikling basert på produksjon av kjetting og kjettingprodukt. Bedrifta har i dag 75 tilsette og ei årleg omsetning på 250 millionar kroner. No blir det investert nærmare 100 millionar kroner i utvikling og automatisering av produksjonen i Mandal. Hovudproduktet er TRYGG kjetting som, i tillegg til å ha ein betydeleg marknadsdel på den norske marknaden, blir eksportert til alle verdshjørna.

Nøstad Kjetting AS er ein del av Nøstad-gruppa, som består av ni selskap med drygt 350 tilsette og ei samla omsetning på 500 millionar kroner.

Gruppa er lokalisert i tre verdsdelar og disponerer totalt 50 000 kvm produksjons- og kontorlokale.

Administrerande direktør Alf-Arne Nøstad er tredje generasjon leiar av verksemda, og han har stått i spissen for selskapet sidan 1985. Nøstad fortel at dei no har robotisert produksjonen i Mandal, slik at det har vorte mogleg å hente heim betydelege delar av produksjon som tidlegare var sett ut til utanlandske underleverandørar. Han fortel at ein kjetting i dag er ikkje det same som for 77 år sidan, og at kontinuerleg utvikling er viktig også i åra som kjem.

«Vi produserer der vi er mest konkurransedyktige. I Mandal utviklar og lagar vi dei mest krevjande produkta», seier Bjørge Reiersen, fabrikksjef på Nøstad Kjetting. «Brukarane av kjettingane våre opererer i tøffe bransjar som offshore, fiskerinæring, transport, anlegg, skogsdrift og landbruk. Dei har høge krav til kvalitet», seier han.

Nøstad Kjetting har i løpet av åra produsert om lag 80 000 km kjetting, noko som svarer til ei lengd på om lag to gonger omkrinsen av jorda.

«Dyktige tilsette, avansert utstyr og tilgang på godt vesteuropeisk stål gjer at vi kan produsere volum i Noreg. Vi leverer kvalitetsprodukt etter norske standardar med norske sertifikat og konkurransedyktige prisar. Konkurransen i marknaden er hard, men ny prisstruktur, god kvalitet, stort utval og rask levering er dei viktigaste suksessfaktorane våre. Ein kjetting er aldri sterkare enn det svakaste leddet», seier salssjef Tom Petter Olsen.

  1. Kva er hovudmarknaden til Nøstad Kjetting AS?
  2. Det går fram av artikkelen at Nøstad Kjetting AS har ein betydeleg marknadsdel på den norske marknaden. Kva meiner vi med marknadsdel?
  3. Alf-Arne Nøstad fortel at selskapet har robotisert produksjonen i Mandal. Kva for ein aktivitet i verdikjeda snakkar han om da?
  4. Salssjef Tom Petter Olsen fortel at Nøstad Kjetting AS har dyktige medarbeidarar, ny prisstruktur, god kvalitet på produkta, stort utval og rask levering. Kva konkurransemiddel snakkar han om, og kva for ein aktivitet i verdikjeda?