Elkem, Treklyngen, Avinor og energiselskapet Vardar har inngått eit samarbeid på Hønefoss for å utvikle ei heilt ny verdikjede for industriell produksjon av trekol, bioolje og varme.
Prosjektet har fått namnet Norwegian Wood. Med verdikjede i denne samanhengen tenkjer vi på at trestokkane, det vil seie tømmeret, kan foredlast slik at det blir skapt verdiar av ymse slag. Industriselskapet Elkem treng trekol for å kunne produsere silisium. Avinor, som eig og driv norske flyplassar, treng bioolje som drivstoff til flya. Sjølve produksjonen av trekol og bioolje produserer varme som igjen kan utnyttast til kraftproduksjon. Derfor er energiselskapet Vardar også med.