Aktivitet 8.3.8 – Presentasjon av praksisplassen

Fordjuping

Du skal samle så mykje informasjon som mogleg om dei administrative rutinane på praksisplassen din.

Ta for deg éin og éin rutine, jf. dei som står lista opp i læreboka på side 118. Lag ein presentasjon av rutinane i verksemda, som du skal vise for dei andre i klassen.

Bruk det du har lært i kapittel 5 i læreboka Marknadsføring og sal om arbeidsprosessar, og korleis du skal lage ein god presentasjon.

NB! Du vil få bruk for det du kjem fram til, i neste kapittel.