Aktivitet 11.5.2 – Forbrukerrådet

Fordjuping

Gå inn på heimesida til Forbrukarrådet og svar på spørsmåla nedanfor.

  1. Kva oppgåver har Forbrukarrådet?
  2. Kva for kontraktar finn du på heimesida?
  3. På heimesida til Forbrukarrådet finn du noko som heiter Finansportalen. Her kan du samanlikne lånetilboda frå ulike bankar. Gå ut frå at du er 18 år og skal kjøpe din første bustad som kostar 2 000 000 kroner, og at du må låne 1 500 000 kroner. Nedbetalingstida er 30 år. Kva for ein bank gir det beste tilbodet, kva er renta, og kva må du betale kvar månad i renter og avdrag?
  4. Dersom du skal klage til ei forretning på noko du har kjøpt, kan du bruke standardformularet til Forbrukarrådet.

    Du har kjøpt ein ståhjuling av typen Chic Smart Board frå Supertech til 3 999 kroner. Men du er ikkje fornøgd med produktet. I reklamen vart det opplyst at køyrelengda med fullt oppladd batteri er minst ti kilometer, men produktet som du har kjøpt, køyrer berre halvparten så langt.

    Gjer dette: På opningssida til Forbrukarrådet klikkar du på alternativet «Slik klagar du». Gå vidare til «Klag til seljar», «Klagebrev til seljar», «Kjøp av varer», «Vara har ein mangel» og «Heve kjøpet». Fyll ut klageskjemaet.

    Vis til rett paragraf i forbrukarkjøpslova, og bruk dine eigne formuleringar i feltet for grunngiving.