Aktivitet 9.3.4 – Logistikkbegreper

Omgrepstesting

Forklar omgrepa leiing, økonomistyring og personaladministrasjon. Leiing vil seie å oppnå bestemte resultat eller å nå bestemte mål gjennom arbeidsinnsatsen andre gjer. Viktige leiaroppgåver er å fastsetje mål, skaffe ressursar som kapital og arbeidskraft og planleggje og styre innsatsen for å nå måla.
Økonomistyring vil seie å halde orden på økonomien slik at verksemda går med overskot. Det inneber mellom anna å utarbeide budsjett, sjå etter at ein held budsjetta, utarbeide økonomirapportar og rekneskap. Økonomistyring er ei leiaroppgåve sjølv om økonomistyringsfunksjonen blir delegert til andre i bedrifta.
Personaladministrasjon, eller human resource management (HRM) som det også blir kalla, vil seie leiing av menneskelege ressursar. Det inneber mellom anna oppgåver i samband med tilsetjingar, lønn, arbeidstid, permisjonar, pensjonsordningar og oppseiing.