Aktivitet 4.3.8 – Kims Caps

Fordjuping

Kim har fått tilbod om å kjøpe nokre svært eksklusive og kule capsar som han ønskjer å selje. Han har stor tru på desse capsane, men veit ikkje kva pris han skal setje på dei. Han får dei inn for 280 norske kroner per stykk. Han ser på dette som ein eineståande sjanse til å tene gode pengar og ønskjer ikkje ei kostnadsbasert prissetjing.

  1. Kva av forarbeid må Kim gjere før han kan setje pris på capsen? Grunngi svaret og utfør oppdraga.
  2. Føreslå utsalspris på capsen og grunngi svaret.