Aktivitet 8.1.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva er ein rutine? Ein rutine er ei arbeidsoppgåve som blir teken opp att mange gonger.
  2. Kva fordelar har det å innarbeide rutinar? Rutinar sikrar at arbeidsoppgåver blir utførte, og at dei blir utførte på rett måte.
  3. Kva er ein instruks? Ein instruks er ei forklaring på korleis ei arbeidsoppgåve skal utførast.
  4. Kva fordelar har det å følgje ein instruks? Fleire kan gjere arbeidet, berre dei følgjer instruksen.
  5. Kva legg du i omgrepet administrasjon? Omgrepet blir brukt om den daglege styringa og drifta av ei verksemd.
  6. Kan du nemne nokre administrative rutinar? Sentralbord og resepsjon, postrutinar, arkivrutinar, innkjøpsrutinar, fakturering, salsrutinar, møteverksemd, skrive brev, instruksar, kontraktar, oppfølging av heimeside og andre sosiale medium.
  7. Kva meiner vi med digitale reiskapar? Programvare som blir brukt.
  8. Kan du gi døme på kva integrerte informasjons- og kommunikasjonssystem blir brukte til? System for lønn, rekneskap, ordre- og fakturering, post, arkiv osv.
  9. Kva kallar vi systema som leiinga bruker for å planleggje og ta avgjerder? Vi kallar dei administrative IKT-system.
  10. Kva er ein mal? Ein mal er eit dokument som gir eit einsarta oppsett og inneheld noko ferdigskriven tekst.
  11. Kva fordelar har det å bruke malar? Malar gjer kontorarbeidet meir effektivt og sikrar kvaliteten. Dei tilsette veit alltid korleis dokumenta skal sjå ut når dei bruker malar.
  12. Kva administrative arbeidsoppgåver har
    1. Anniken hatt? Inn- og utgåande post, inn- og utgåande telefonsamtalar, rekrutteringsprosessen, møtearrangement, ajourhald av heimeside/Facebook-profil
    2. Henning hatt? Post- og arkiveringssystem, innkjøp, rekrutteringsprosessen, HMS-arbeid, reiserekningar, behandling av inngåande fakturaer, kartlegging av kompetanse hos dei tilsette, omorganisering av tilsette.
  13. Kvifor kan vi seie at sentralbord- og resepsjonstenesta representerer bedrifta utetter? Det er her alle førespurnader kjem først, både på telefon og frå besøkjande. Det er knutepunktet i bedrifta og derfor så viktig.
  14. Kva for eigenskapar er det viktig å ha når du skal jobbe med sentralbord og resepsjonstenesta? Ein må vere høfleg, serviceinnstilt, utettervend, systematisk og effektiv.
  15. Kva andre arbeidsoppgåver kan sentralbord- og resepsjonstenesta også ha ansvaret for? Innkjøp av kontorrekvisita, postbehandling, kopiering, skanning.