Aktivitet 4.3.7 – Prissettingsmetode drikkeflaske

Problemløysing

Matboksen UB tenkjer på sikt å selje drikkeflasker i tillegg til matboksane. Dei ønskjer å importere ei drikkeflaske frå Sverige. Flaska har to opningar. Les historia om Anna Fager under «Meir om» i kapittel 1 «Frå idé til verkelegheit».

Flaska har fint design, og som drikkeflaske er ho unik på marknaden.

I Matboksen UB er dei svært usikre på kor mykje dei kan ta for flaska. Dei kan få kjøpt flaska frå fabrikken for 40 norske kroner per stykk.

Du skal hjelpe Matboksen UB med dette:

  1. Sjekk kva prisar som finst på ulike drikkeflasker som det elles er tilbod om rundt om i butikkane.
  2. Ta ei marknadsundersøking og finn ut kor mykje marknaden er villig til å betale for denne unike drikkeflaska.
  3. Finn ut kva for ein pris de må setje på flaska for at ho skal dekkje kostnadene Matboksen UB har.
  4. Drøft kva type prissetjing som er best for Matboksen UB. Føreslå ein utsalspris for drikkeflaska, og grunngi svaret.