Aktivitet 4.3.2 – Digre Transport

Problemløysing

I oppgåve 4.1.4 vart du kjend med Digre Transport. Selskapet har mellom anna samarbeid med Byggmakker og leverer byggjevarer frå Byggmakker til ulike byggjeplassar. Vi går no ut frå at Digre Transport skal levere byggjematerialar frå Byggmakker på Støren til ein privatperson som skal byggje hus på ein stad som heiter Hovin nord for Støren.

  1. Kva for kontaktpunkt vil det vere mellom Digre Transport og Byggmakker og husbyggjaren/byggmeisteren i dette transportoppdraget?
  2. Beskriv produktet som Digre Transport tilbyr kundane sine.
  3. Kva for ein av dei fem P-ane vil du seie er det viktigaste konkurransemiddelet til Digre Transport?
  4. I dømet med Byggmakker vil Digre Transport ha å gjere med to hovudmarknader. Kva for nokre?