Problemløysing
Fem elevar har starta UB og vil vaske bilar. Dei kallar seg Bilvask UB. Dei vil vaske bilane på tunet heime hos den eine eleven som bur i nærleiken av skolen. Dei har behov for svampar, pusseskinn, vaskemiddel og poleringsmiddel. Dei vil i første omgang prøve å vaske bilane til lærarane på skolen. Dei kjem litt seint i gang og får ikkje gjennomført nokre marknadsføringstiltak før etter jul.
Ungdomsbedrifta vil ha desse kontoane i rekneskapen: kontantar, bankinnskot, eigenkapital (eigenkapital/partar), lån av foreldre, salsinntekter og varekjøp.
I januar kjem dei i gang med verksemda. Dei har desse vedlegga:
Vedlegg nr. | Dato | Tekst | Beløp |
1 | 2.1. | Set inn kontantar i bank/Overfører pengar til bank. | 800 |
2 | 2.1. | Låner av foreldra. | 700 |
3 | 3.1. | Kjøper vaskemiddel og tilbehøyr. | 1 200 |
4 | 14.1. | Vaskar to bilar, kontant betaling. | 800 |
5 | 25.1. | Vaskar to bilar og polerer ein bil, vippsar betaling. | 1 200 |
6 | 26.1. | Kjøper vaskemiddel og tilbehøyr. | 1 200 |