Aktivitet 9.3.3 – Teknologi

Omgrepstesting

Teknologi reknar vi som ein støtteaktivitet i Porters verdikjede. Kva meiner vi eigentleg med teknologi, og kvifor er teknologi ein viktig støtteaktivitet for verksemder? Gi nokre døme. Wikipedia definerer teknologi på denne måten: «Teknologi er praktisk utføring, bruk av og kunnskapen om reiskapar, maskinar, teknikkar, system eller metodar i handverk eller industri med det formålet å løyse eit problem eller utføre ein særskild funksjon. Det kan også referere til bearbeiding av råvarer og bruk av vitskaplege resultat for å oppnå bestemte mål, forutan til ei samling av reiskapar, maskineri og prosedyrar. …»
Teknologien og utviklinga av ny teknologi er viktig for verksemder fordi teknologien er nødvendig for å produsere og foredle varer, og ved å ta i bruk ny og meir effektiv teknologi kan dei gjere dette på ein rimelegare og raskare måte. Døme er digitaliseringa som har revolusjonert kommunikasjon, transport og handel. IoT (Tinga sitt Internett), ein teknologi som berre er i startfasen, og som vil gjere at tinga vi omgir oss med, vil kunne kommunisere med kvarandre og med brukaren, kjem til å revolusjonere kvardagen vår i åra som kjem. Andre nye teknologiar, til dømes bruk av robotar, er med på å automatisere industriproduksjonen, og smarte teknologiske innovasjonar har skapt nye produkt, til dømes smarttelefonar, elbilar, dronar og romfartøy som snart kan frakte menneska langt ut i verdsrommet.